LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Eg meiner gjengen i forhandlingsutvalet har gjort ein god jobb, og fått gjennomslag for fleire prinsipielle sigrar.   

Fylkesleiar Anders Felde fortel at landbruket mellom anna fekk gjennomslag for auka bruk av budsjettmidlar, og betre marknadsordningar. 


- Me har også behov for meir frukt og bær i den norske marknaden, og difor har næringa fått ein ekstra stimulans i oppgjeret.  

 

- Vestlandet kom godt ut av dette 

- Eg vil seie at dette er ein god avtale for Vestlandet. Det viktigaste for Vestlandet er at det blei innført eit nytt arealtilskot som berre gjeld for Vestlandet. I tillegg er eg glad for det nye pyramidetilskotet som kom på mjølkekyr. Tilskotet er størst på 22 mjølkekyr, forklarar Felde.


Ifylgje leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag vil tilskotet treffe mange av mjølkebøndene i fylket særs godt.


- I tillegg får me auka distriktstilskotet, og løyvingar til bratt areal. Noko som syner at Vestlandsbonden har vore ein av dei prioriterte i årets oppgjer. Fleire av verkemidla er retta mot geografiske områder der me slit med å halde areala i drift, og slit med inntektsutviklinga. Det syner at gjennom jordbruksforhandlingane vert det teke tak i utfordringane i Norsk landbruk.  


Klarte mykje, men ikkje alt

 

- Sjølv om eg er godt nøgd med avtalen var det likevel skuffande at me ikkje klarte å nå inntektsmålet. Bøndene treng kronemessig lik inntektsutvikling og tetting av inntektsgapet. Det nådde me ikkje i årets forhandlingar.  Det er også utfordrande for sauenæringa at me ikkje greier å behalde pengane i næringa. Utan balanse i saueproduksjonen blir det utfordrande framover.


Felde forklarar at det er vanskeleg å tette gapet sidan marknaden er i ubalanse. 


- Dette er noko me skal jobbe vidare med, slår han fast.  

 

Gode tilbakemeldingar

 

- Eg  har stort sett fått gode tilbakemeldingar frå bøndene eg har prata med i Sogn og Fjordane. 


Det gler Felde.


- Klart det, alltid kjekt det.