Bilete frå stølen til Nils Magne Gjengedal

 

- Eg er bonde fordi eg likar yrket mitt. Dessutan er det naudsynt med bønder i Sogn og Fjordane med tanke på matproduksjonen. Hadde matproduksjonen forsvunne, hadde ikkje fylket hatt like høg kvalitet som det har i dag.

Gjengedal er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. Me besøkte han på stølen hans i september 2013. Det er ein stad han finn ro og får slappa av. Saman med kona Inger-Johanne Hafstad Gjengedal driv han stølsdrift på gamle måten kvar einaste sommar. 

-Me har ikkje nok areal til å la kyrne beite på innmark heime, difor reiser me til stølen.

 

Gode minner

Nils Magne Gjengedal

 

- Eg har så mange gode minner frå denne staden. Eg har vore her kvar sommar sidan eg var 7-8 år gamal.Det vert ikkje sommar utan eg har vore her.

Kva gjer de på her oppe?

- Eg og kona mi mjølkar kyr og ser til at dei kosar seg på beite. 

Sommaren 2013 hadde Gjengedal og kona 12 kyr på stølen. Dei tok tunge løft, mjølka på gamle måten og leverte mjølka til Tine. 

- Eg finn motivasjon på Gjengedalsstølen. Det er så fin natur og moro å vera her, sjølv om det til tider kan vera fysisk tungt. 

 

Glad i dyra

Ei glad ku

 

- Eg har namn på alle dyra mine. Elvira, Line, Brita, Siri, Fiona, Petrine, Endrine....

Gjengedal ramsar dei opp alle som ein. Han er glad i dyra og med 12 kyr på stølen, meinar han det er viktig at alle har namn. 

- Det er kjekt at dei har namn, eg får eit meir personleg forhold til dei då. Med så få dyr skulle det berre mangle, eg likar ikkje omtale dei med nummer. 

Han ser bort på dyra, som går fredeleg på beite. 

- Eg har ingen planar om å gje meg som bonde endå. Folk treng mellom anna mjølk, noko eg er stolt over å kunne bidra med.