Årsmøtet i Jølster Bondelag fann stad i Sandalen på sørsida av bygda.  Dei som hadde høve kunne først kome og sjå på den nye ammekufjøsen til Per Inge Indrebø før årsmøtet vart gjennomført i Sandal Grendahus.   - Vi håpar det kan verte ein god tradisjon å gjennomføre årsmøta kring i dei ulike bygdene i kombinasjon med høve til å besøke ein bonde eller ei anna verksemd i bygda, seier Geir Støfring som held fram som leiar.

Naturskade

Den dramatiske hendinga sist i juli har prega og pregar Jølster.  Mange grunneigarar er råka, familiar har flytta frå heimane sine og ein person med tilknyting til landbruket har mista livet.  Framleis er det mange spørsmål som ikkje har fått svar og hendinga vil prege bygda i lang tid.  Årsmøtet i Bondelaget vedtok etter ein lengre diskusjon å vere med å medverke til dekking av takstar for dei som har fått skade på eigedommane sine. 

Geir Støfring held fram som leiar i lokallaget

Lokallaget

Sjølv om Jølster no er vorten ein del av Sunnfjord kommune ynskjer medlemene å oppretthalde lokallaget.  Rolledelinga mellom samstyret for lokallaga i Sunnfjord kommune og det lokale Bondelaget vart drøfta i møtet.  Det vart gjeve relativt vide fullmakter, MEN vart presisert at det må kallast inn til drøftingsmøte i saker som vedkjem mange av medlemene.

E39

I ei fråsegn frå møtet kring E39 frå Skei til Byrkjelo står det følgjande: 

Jordvern står særs viktig og jorbruket må ha ei sentral rolle. Bruk av jord og driftsmessige tilhøve må utgreiast i ein tidleg fase, slik at det vert gjort greie for arealbruken samla. det må også sjåast nøye på om det er mogeleg å erstatte og evt. nydyrke areal der det går ut areal til vegbygging.  

Det må utgreiast meir enn ein vegtrase, med kryssløysingar og tilførselvegar, slik at ein har reelle val til trase.   Jølster bondelag ynskjer utgreidd ny vegtrase, med grunnlag i ei langsiktig løysing over 40 til 50 år. Jølster bondelag legg særleg vekt på det langsiktige, og held dette høgt. Vi meiner også at med sikringstiltak, og god tilrettelegging av tilførselvegar, og tilpassingar rundt skei sentrum, med bla. gode traseval, og teknisk gode løysingar til lolkalvegar, vatn og bruer er det vel verdt å greie ut.

Aternativet med breiddeutviding av noverande E 39 er eit sekundært alternativ å arbeide etter for kandbruket i Jølster, då dette kan medføre halvgode løysingar innan lokal tilpassing og drtiftsgrunnlag. Teknisk er det mogleg å grave opp og fylle nye massar i noverande E39, og samstundes gjere vegen breiare og legge til sykkel og gangveg. Jølster bondelag ser at der bør utgreiast kva ulemper dette i so fall vil ha for lokaltrafikk og drifta på bruka som må være langs vegen, og krysse den. Dette krev vi blir utgreidd.

Jølster bondelag er oppteken av at i prosessar kring jordevern vert det rettlseg avgjerd og bruksordning bør forordnast gjennom vegplanlegging. Politisk vedtak er ikkje tilstrekkeleg.