- Vi skal samhandle med næringa, men vi må vere uavhengige av av kvarandre, held Fjetland fram.   Vi er staten sin autoritet på dette område, og skal vere dyra sin "advokat".  - Vi er inga rådgjevingsteneste!  Samstundes har vi respekt for at vi kan bli betre i den jobben vi skal gjere og i dialogen med dei bøndene som vi er på tilsyn hos.

Vi har forståing for at nokon kan oppleve tilsyn, som negativt av ulike årsaker.  Maktbalansen kan opplevast som skeiv og det er eit regelverk med mange krav, samstundes som vi rår over mange sterke verkemidlar.   - Det kan opplevast av nokon som om vi granskar livsverket deira, difor er det avgjerande at vi klarar å kommunisere på ein god måte og reprekterer kvarandre sine roller, avslutta Fjetland.

Regiondirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland innleia på leiarmøtet.  Han fekk mange spørsmål, og det var ein god dialog i møtet.

Lenkje til: Heimesida til Mattilsynet