Leiar i Sogn og Fjordane sau og geit, Håvard Øyrehagen og leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren var mellom deltakarane på Mo.Tilskipinga på Mo var starten på kampanjen tryggleik og helse i landbruket i Sogn og Fjordane.  Kampanjen er praktisk retta, og det var demonstrasjonar av kva som skjer når ein roterande aksling på traktoren tar tak i kjeledress eller jakke. Ein drivaksel roterer 540 ganger i minuttet, den stoggar ikkje om noko sit fast i den.  Vidare demonstrasjon av korleis vernebuksa stoggar motorsaga før den skjer i foten.  I fjøset blir det fokus på handtering av store dyr i binge. Førde brannvesen stilte med personell og det var praktiske sløkkeøvingar av brann.  I tillegg var det demonstrasjon av korleis setebelte kan redde liv, med ”Veltepetter” frå NAF. Elevane gjennomførte også eit verneløp på garden for å avdekke farlege moment i arbeidsmiljøet.

Kampanjen «Tryggleik og helse i landbruket»
Landbruket i Noreg slit med høge skadetal, mange dødsulukker og eit stort tal ulukker av svært alvorleg grad. I Sogn og Fjordane har det berre siste to månadane vore tre alvorlege ulukker med traktor og to alvorlege fallulukker. Tal frå prosjektet ”Skadefri bonde”   www.skadefribonde.no  syner at 9,2% av bøndene er utsette for skade kvart år.
«Tryggleik og helse i landbruket» er ein 2 årig landsdekkande kampanje, eit samarbeid mellom staten og dei største aktørane innan norsk landbruk. Landbrukets HMS-tjeneste er fagleg ansvarleg for kampanjen. Målet er å setje fokus på dei farlegaste situasjonane i landbruket og motivere til handlingar for å hindre at dei skjer.

Særskilde fokusområder :
- tryggleik på traktor
- fallsikring
- handtering av store dyr
- tryggleik ved skogsarbeid
- støv og brannsikring

Kampanjestart i Sogn og Fjordane