Saman med Svein Aure frå Felleskjøpet, Cecilie Bjørlo frå Tine og Per Olav Skutle frå Gartnerhallen inneleia ho om Samvirke sin betydning for distriktslandbruket.   Det var ein samstemt gjeng som la vekt på at det viktigaste kan faktisk bonden gjere sjølv ved å velje Samvirke.  - Det er bra med konkurranse, for det gjev skjerping av drifta, held Vaag fram, men det er heilt avgjerande i den situasjonen vi er no at vi samlar oss og forstår kva som står på spel.  Forståinga av samvirke si rolle og funksjon må betrast. 

Trine Hasvang Vaag - vi må halde fokus på kvar maten vert produsert

– Skal Tine ha ei sterk rolle i distriktsnorge framover så må vi velje Tine.   Då må vi velje samvirke som bønder og tenke langsiktig.  Viss ikkje vi bøndene står saman – kva skjer då?  stilte konsernstyremedlem Cecilie Bjørlo spørsmål om til ei lyttande forsamling.  Ja, vi treng hjelp av politikarane som kan sikre den politiske grunnnmuren.  Ja, vi treng hjelp av forbrukaren som vèl å drikke mjølk og ete norske meieriprodukt,  men jammen treng vi også hjelp av oss sjølve!  Vi må, som bønder, velje landbrukssamvirket, avslutta Bjørlo.

 Konsernstyremedlem i Tine, Cecilie Bjørlo

Det handlar om å vinne marknadsmakt.  Stor oppslutning om landbrukssamvirket er nøkkelen for å sikre distriktslandbruket sa ein tydeleg styreleiar i Gartnerhallen, Per Olav Skutle. Forvitrar samvirket forvitrar distriktsjordbruket, la det ikkje vere tvil om det avslutta Skutle.  

 

 

F.v. Cecilie Bjørlo, Per Olav Skutle, Trine Hasvang Vaag og Svein Aure.