Bondelaget sin vervekampanje "Tørre og spørre" starta i oktober, og går fram til nyttår. Målet med kampanjen er sjølvsagt å få fleire medlemar gjennom ein intensiv periode, men og å leggje grunnlaget for vervekultur i organisasjonen. - Alle "nye" bønder må spørjast om dei vil vere med oss på laget, seier Anita Sæther ved fylkeskontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. - Dessutan ønskjer vi at fleire av dei som allereie driv aktivt som bønder, men som ikkje er medlemar, skal sjå verdien av å vere organisert, held ho fram. Dersom ein ønskjer hjelp til vervearbeidet i lokallaget kan ein kontakte fylkeskontoret. På Bondelaget sine nettsider ligg det og informasjon om vervekampanjen "Tørre og spørre", og mykje materiell som kan bestillast til bruk i medlemsvervinga. Innmeldingar kan og gjerast via nettsida, ved å ta kontakt på telefon, eller ved å sende SMS BONDE <namn> <telefonnummer> til 2030. Sender ein SMS, får personen det er tipsa om ei oppringing frå Norges Bondelag.

Det skal løne seg å gjere vervejobben. No under kampanjen får ein eit gavekort på FK-butikken på kr. 400, samt ei BONDE T-skjorte,  for kvart nytt medlem ein vervar. I tillegg vert det trekt 3 gåvekort på kr. 5000 for dei som har verva to eller fleire medlemer. Alle som har verva er med i trekninga om ein John Deere traktorgrasklyppar - kvart medlem ein har verva gjev eit lodd i trekninga.

-Eg håpar på ein god innspurt i vervekampanjen og at vi kan ønskje mange velkomen inn i Sogn og Fjordane Bondelag før nyttår, avsluttar Anita Sæther.

Sogn og Fjordane Bondelag ønskjer fleire medlemar, og strategien er å "Tørre og spørre".