Til sjuande og sist så handlar jordbruksoppgjeret om den politiske viljen til å legge så mykje pengar på bordet at noko av inntektsgapet til andre yrkesgrupper kan tettast.- Til sjuande og sist så handlar jordbruksoppgjeret om å gje matprodusenten moglegheit til ei inntektsutvikling som ligg noko over gjennomsnittet i kroner, seier Hilleren.  Regjeringa må ta på alvor kravet om at arbeidet med å tette inntektsgapet i høve andre yrkesgrupper vert starta ved årets oppgjer.  Regjeringa forstod ikkje det økonomiske alvoret ute på gardane ved fjorårets oppgjer.  Den økonomiske situasjonen er ikkje betra, så her må det rett og slett både prisauke og budsjettpengar på bordet., held ein engasjert og tydeleg fylkesleiar fram.  - Regjeringa har verkeleg eit høve til å syne at dei går for andre løysingar enn opposisjonen gjennom eit jordbruksoppgjer som den einskilde matprodusent oppfattar som overraskane godt :)  Ei god og positiv økonomisk overrasking hadde vore det beste den sitjande regjeringa kan kome med i vår til ei næring som produserer maten på vårt bord.

Saman med resten av styret skal Hilleren arbeide for å semjast om ei fråsegn som vert å sende vidare til Norges Bondelag sentralt.  Denne fråsegna saman med fråsegner frå alle dei andre fylkeslaga og ulike organisasjonar skal vere med å danne utgangspunkt for prioriteringar i representantskapsmøtet den 20. og 21. mars.