Dagmar er tema på Sandane i morgon den 18. januar- Vi trur det er mange som har spørsmål som dei ynskjer svar på.  Dessutan er det viktig å starte å tenkje framover slik at vi kan vere betre budde neste gong, seier Anders Felde. Møtet vert skipa til  onsdag 18. januar i kantina på Sogn og Fjordane Energi i bukta.  Vi startar med ein enkel lunsj klokka 12:30, sidan vert det ulike innleiingar og debatt.

Asgeir Aase (Nettdirektør i SFE) vil informere litt om kvifor straumen var vekke so lenge. Dei vil også seie litt om kva tiltak som vil bli sett i verk for å minske risikoen for store herjingar av linjenettet i framtida. Ei eventuell breiare rydding av linjetrasear vil også krevje noko av oss som grunneigarar, korleis stiller vi oss til dette, undrast leiaren i Breim Bondelag. - Vi har også utfordra dei på å seie noko om kva investeringar som må til for å nytte nokre av dei mange kraftverka i kommunen i ei "lokal" kraftforsyning, held Felde fram.

Jon Egil Vik (landbrukssjef i Gloppen kommune) vil informere litt generelt i forhold til dei innspel han har fått sidan romjula når det gjeld uværet vi var gjennom.  Harald Kjær (utmarksforvaltar i Gloppen kommune) vil informere om skadane på skog i Gloppen. Finst det ordningar/moglegheiter for erstatning for dei som har store skadar på skog, vegar og innmark ?  For dei som ikkje har meldt frå om skadar på skog og utmark er det mogleg å gi melding til Harald under møtet, seier Felde.

Nina Engelbretson (leiar i produsentlaget) vil informere litt om kva reglar som gjeld for dei som måtte slå ut mjølk. Her er også mogleg å komme med spørsmål dersom det skulle vere aktuelt.  Elles diskuterer vi sjølvsagt det som dei som møter opp er opptekne av, poengterer Felde som håpar mange ser seg tid til å delta på møtet.