Dramatisk for landbruksnæringa og små verksemder
For landbruket i fylket er framlegget i statsbudsjettet dramatisk fordi grensa for å vere med i momsregistret vert tredobbla.
Det medfører at allereie frå nyttår vil alle som ikkje har hatt over 150.000 kroner i omsetning dei siste 3 åra bli kasta ut av momsregistret. Alle utgifter aukar dermed for desse med 25% "over natta", noko som saman med Staten si endra innretning på tilskotsverkemidlane vil medverke til at det vert lite interessant å halde fram med landbruksproduksjonen på mange bruk i fylket.
- Det verkar som regjeringa vil setje kroken på døra for alle dei som utnyttar arealressursane på eige bruk i kombinasjon med anna arbeid, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.
Om framlegget frå regjeringa går gjennom vil det særleg råke bruk med færre enn kring 100 vinterfora sau, mindre planteprodusentar, reine skogbrukseigedommar og medlemer i samdrifter som driv med andre produksjonar på eige bruk i noko mindre skala enn den større produksjonen som dei medverkar til i samdrifta.
- I denne saka, som i fleire av dei andre sakene der distrikta vert taparane, må vi setje vår lit til at politikarane frå V og Krf klarar å forstå kor viktig denne saka og andre er for utviklinga av næringslivet i distrikta held Hilleren fram.
Skatte- og avgiftsendringar i statsbudsjettet kan du lese meir om på Norges Bondelag sine sider