Han får støtte av tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Bjarte Nordanger.  Nordanger starta sjølv opp med eggproduksjon for snart 10 år sidan.  - Vi investerte mange millionar i å bygge eit hønehus med plass til 7500 frittgåande høner.  Eggproduksjonen gjev eit avgjerande bidrag til at både eg og kona mi kan vere bønder.  - No er vi verkeleg uroa for korleis det skal gå med eggproduksjonen i distrikta, held Nordanger fram.

- Regjeringa har jo sjølv forstått at dei forslaga dei kjem med vil gjere kvardagen meir utrygg for alle eggprodusentar samstundes som produksjonen vil bli sentralisert til områda kring pakkeria, seier Felde.  Dei sentraliserer produksjonen med vid opne auge.  Dette grunngjev han ved å vise til side 107 i meldinga.  Der står det mellom anna:

"..... Bortfall av mottaksplikten øker konkurransen på primærleddet om å få levert varer. Endringene antas å kunne gi økt økonomisk risiko for produsentene og kan medføre endringer i primærproduksjonen, trolig både i størrelse, antall og geografisk plassering....."

I Sogn og Fjordane vart det produsert 1375 tonn egg i 2015.  Produksjonen her i fylket utgjer 2,3 prosent av produksjonen i landet.  I seg sjølv ein liten prosent, men det vert produsert over 1,3 million kg egg kvart år i fylket så ringverknadene av produksjonen er betydeleg.  

Dei kommunane som produserte mest egg i 2015 var Gloppen med 522 tonn, Eid med 255 tonn, Gulen med 190 tonn og Askvoll og Solund med 149 tonn kvar. Sidan 2009 har produksjonen hatt ein auke på 25 tonn.