DN må "koma ut or hiet"
- Sporinga denne vinteren syner at der er fleire jervar med tilhald i beiteområda i Luster, Lærdal og Årdal. Også i andre deler av fylket er det spora jerv. No er det på tide at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) kjem ut or hiet og gjev Statens Naturoppsyn fellinngsoppdrag på jervane, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.
No ligg det godt til rette med gode sporingstilhøve og godt ver. Noko som er avgjerande for om felling skal lukkast. Bestandstala for jerv ligg skyhøgt over bestandsmålet som Stortinget har fastsett, og då må DN syne handlekraft og ikkje gå i hi, held ein svært tydeleg fylkesleiar fram.
Sogn og Fjordane Bodnelag sende brev til DN tidleg i februar, og no forventar eg at DN set i verk ekstraordinært uttak av jerv slik at Stortinget sine målsetnader for at region 1 skal vere eit beiteprioritert området vert oppfyllt! Det hastar med å gjere jobben som Stortinget har sett DN til å forvalta.