No ligg det godt til rette med gode sporingstilhøve og godt ver.  Noko som er avgjerande for om felling skal lukkast.  Bestandstala for jerv ligg skyhøgt over bestandsmålet som Stortinget har fastsett, og då må DN syne handlekraft og ikkje gå i hi, held ein svært tydeleg fylkesleiar fram. 

Sogn og Fjordane Bodnelag sende brev til DN tidleg i februar, og no forventar eg at DN set i verk ekstraordinært uttak av jerv slik at Stortinget sine målsetnader for at region 1 skal vere eit beiteprioritert området vert oppfyllt!  Det hastar med å gjere jobben som Stortinget har sett DN til å forvalta.