Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag starta på Skei i dag. -Me har lagt bak oss eit år der Bondelaget har jobba med å setje landbruk på dagsorden, sa fylkesleiar Per Hilleren. Det har vore viktig for oss å kome i inngripen med politiske miljø for å belysa ulike sider ved landbrukspolitikken. Regjeringa me fekk ved Stortingsvalet i haust har uttalt føringar for landbrukspolitikken, som kan verte svært utfordrande framover. -Men Bondelaget skal ha same retning og mål som tidlegare, og kjempe for best mogleg rammevilkår for den norske bonden.

Landbruket leverer mykje til samfunnet vårt. Dette må vi verta flinkare til å formidle. Me må framsnakka bonden, vera meir framoverlente og synleggjere næringa med eit språk som samfunnet rundt oss forstår, poengterte Hilleren.

-Det må vere ei kvar regjering si plikt å leggje til rette for ein trygg og stabil matproduksjon for å sikre tilgong på mat. Auka matproduksjon krev bærekraftig arealbruk. Matjorda må bevarast, matjorda er ein knapp ressurs. Det å prioritere ned jordvern, er å prioritere det kortsiktige. Det er på høg tid at det vert innført eit juridisk og nasjonalt vern for å hindra nedbygging, sa Hilleren.

Hilleren fokuserte og sterkt på rekruttering i sitt innlegg. -For det første må vi tenkja på korleis vi motiverar på heimebana. Er me flinke nok til å snakka om det positive rundt kjøkenbordet, spurde Hilleren.

Marknadsordningane er ein av bærebjelkane i landbrukspolitikken, og er ein viktig reiskap for å balansera norsk matproduksjon. Eg kjenner meg viss på at ordningane er så gode at dei toler ein gjennomgang, avslutta Hilleren.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, talte til årsmøtet på Skei 6. mars 2014