Skal målsettinga om auka produksjon av mat på norske ressursar bli nådd er det nødvendig å sikre utnytting av dei samla nasjonale jord- og beiteressursane. Vi treng all dyrka jord og beiteressursar i inn- og utmark i produksjon.

Vi har opplevd betydelige endringar i jordbruket dei siste åra. Dette har fått konsekvensar for produksjon og drift av areal i marginale område. Skal ein lukkast i å auke norsk produksjon av mat må det leggast betre til rette for at også areala og ressursane i desse områda vert tekne i bruk.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at det i årets jordbruksforhandlingar må starte eit arbeid for å betre rammevilkåra for distriktslandbruket.  Ei styrking av distriktsprofilen må skje i form av eit betydeleg løft i budsjettoverføringane. Årsmøtet føreset at det i årets jordbruksoppgjer vert prioritert midlar til ei slik satsing, og at det vert sett ned eit partssamansett utval som utarbeider ein langsiktig plan for distriktslandbruket står det avslutningsvis i fråsegna frå fylkesårsmøtet.

Frå årsmøtesalen 2012