Fjorårets avtale gav i beste fall pluss/minus null som resultat for fleirtalet av driftseiningane.   Gjennomsnittsbruka fekk ingen inntektsvekst, og det vil vere dramatisk om det held fram over tid.  Dette, då det er desse bruka som skal investere for framtida dei komande åra.  Særleg gjer dette seg gjeldande i mjølkeproduksjonen, men også innan sauhaldet og frukt er investeringstrongen stor.  Misser gjennomsnittsbruka trua på framtida og med det investeringslysta, vil det vere dramatisk for framtidig norsk matproduksjon, heiter det vidare.

Sogn og Fjordane Bondelag vil ved desse forhandlingane prioritere høgst:

  • Auka distriktstilskot for kjøt, mjølk og egg, samt auka distrikts- og kvalitetstilskot for frukt og bær.Distrikta kom dårleg ut av fjorårets oppgjer grunna struktur på driftseiningane.Det vil difor vere rett å heve distriktsjordbruket ved årets oppgjer.Det kan ein gjere gjennom å auke dei verkemidla som har distrikt i seg eller ved å heve tilskot til dei første einingane.Med noverande regjering trur vi at å auke tilskot til distrikta som genererer produksjon slik distriktstilskotet gjer vil vere det rette.

  • Auka løyvingar til investeringar i form av eit ekstraordinært investeringsprogram som kan vere av ein slik storleik at gjennomsnittsbruka kan fornye sitt driftsapparat.Særleg er trongen for kapital stor om ein skal klare å få med seg mjølkevoluma over frå båsfjøs til lausdrift.Driftsøkonomien på 20-30 kyrs bruka er langt frå god nok til å klare det økonomiske løftet det er å gå frå båsfjøs til lausdrift.Det gjer trongen for kapital stor.I ein situasjon med reduserte investeringar og tru på framtida hos næringslivet i Noreg kan det vere rett tidspunkt å fremje ei investeringsløysing der offentleg kapital er med på å utløyse privat kapital i form av lån frå lokale bankar.

Strukturen i husdyrtilskota og strukturen i grunnlag for avløysartilskot må ligge fast

Norges Bondelag sitt represnetantskap er i dag samla i Oslo for å å peike på retninga for kravet i årets jordbruksoppgjer.