Saman med Knut Byrkjenes Hauso frå Hordaland og Audun Skjervøy frå Møre og Romsdal sit Lysne i det felles Grøntutvalet for Bondelaga på Vestlandet.   Utvalet hadde sist onsdag møte i Sogndal for å starte dei første drøftingane om prioriteringane før jordbruksoppgjeret 2018.

- Mange av pilene for grøntnæringane, frukt og bær peikar oppover, men utfordringane er også mange held Lysne fram.   Kjedemakt, importvern, tilgang på plantemateriale, smittepress, økonomiske svingingar og usikkerheit knytt til marknadsadgang er noko grøntprodusentar må lære seg å leve med.  - Når det går bra går det gjerne skikeleg bra, men det kan også gå skikkeleg dårleg om marknad og vertilhøve sviktar samstundes, seier Lysne.

Dei politiske verkemidlane innan grøntnæringa er få, men viktige!   Lysne peikar på tollvernet som ein grunnpilar saman med distriktstilskotet, arealtilskot og tilskot til fruktlager.   - Også innen grøntnæringa, frukt og bær er vi avhengige av verkemidlar som kan jamne ut skilnader i topografi, arrondering og vertilhøve, avsluttar Lysne.

Ikkje noko å seie på humøret når medlemene i det felles Grøntutvalet for fylkesbondelaga på Vestlandet møtest. Frå v: Knut Byrkjenes Hauso, Kari Sigrun Lysne og Audun Skjervøy.