Dialogmøte mellom Coop, Nortura og Bondelaget
Coop Norge, Coop Vest, Nortura og Sogn og Fjordane Bondelag møttes denne veka for å diskutere utfordringar og moglegheiter i matmarknaden.
- Det var god dialog mellom alle partar, og det var einigheit om at der er forbetringspotensiale på fleire områder, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde. Både Coop Norge og Nortura signaliserte at dei må strekke seg lenger for å tilfredsstille butikkar og forbrukarar i Sogn og Fjordane.
Felde la vekt på norsk mat og at Nortura er eit viktig reiskap for å sikre eit variert landbruk over heile landet. Utfordringar både innan industrien, innan kjedane og innan landbruket vart diskutert. Felde meiner ein tettare og meir open dialog i framtida, vil skape større forståing for utfordringane kvar av partane har i kvardagen sin.