STOLT BONDE: Olav Høyheim Einan. 

 

- Det å vera blant finalistane i kåringa til årets unge bonde var voldsomt uventa, seier Olav Høyheim Einan. 

29-åringen bur på Hafslo i Luster, og er utdanna agronom frå Sogn Jord-og Hagebruksskule. Han har også studert landbruksteknikk på Høgskulen i Hedmark. Lustringen fortel at han ikkje viste at han var nominert til kåringa, men har i ettertid funne ut at det var ordføraren i kommunen som sto bak. 

- Det syns eg var veldig hyggeleg gjort av han. 

 

Allid likt gardsarbeid

- Eg har alltid likt å jobbe med dyr. I ungdomsalderen var eg avløysar på fleire ulike gardar i heimbygda, seier han. 

Einan fortel at han tykkjer gardsarbeidet er interessant, og at han alltid har likt det. Som 24-åring overtok han garden etter sin far, og det vart bygd ein ny del på driftsbygningen. I tillegg har han totalrenovert hovedhuset på garden. 

- Eg  har utvida gardsdrifta frå 50 til 170  vinterfôra sauer. I tillegg har eg cirka fem dekar med jordbær. 

 

Nøgd med å vera blant topp fem

GLAD FINALIST: Olav Høyheim Einan. 

 

- Eg er veldig nøgd med å vera blant finalistane, sier Einan. 

I kåringa var det nominert 311 personar, der 15 gjekk vidare til semifinalen. Den 10. november skal vinnaren kårast, og han/ho får 20 000 kroner i reisestipend og eit gåvekort på 10.000 kroner av Felleskjøpet Agri. I tillegg vil Norske Landbrukstjenester sponse ein avløysar på garden i inntil ei veke.

- Det blir spennande å sjå kva som skjer vidare, men eg er uansett veldig nøgd med å vera inne blant topp fem. 

 

Les meir om kåringa av årets unge bonde her.