STYRELEIAR FOR BONDENS MARKED I SOGN OG FJORDANE: Aud Slettehaug.

 

- Grunna koronasituasjonen har Bondens marked blitt avlyst. For fyrste gong på 16 år vart påskemarknadane avlyst seier Aud Slettehaug.

Styreleiaren for Bondens marked i Sogn og Fjordane fortel at påskemarknadane er dei viktigaste dei har, med unntak av marknadane rundt jul.

- Når me no opnar opp igjen vert det fleire enn vanleg i mai. I utgangspunktet er ikkje mai den beste månaden vår, men eg håpar mai tek seg litt ekstra opp i år. Det er tross alt månaden for spekemat.

Ho er spent på om folk vågar seg ut, og kryssar fingrane for at mange tek turen innom Bondens marked.

- Det blir spennande å sjå, men eg ser lyst på det.

 

Strengare smitteverntiltak

- Når Bondens marked no er tilbake må me passe ekstra på dette som går på handmat og smaksprøvar.

Slettehaug forklarar at folk ofte vil smake på produkta før dei kjøper det, spesielt om produktet kostar litt.

- Me kan ikkje ha det ståande framme, slik som me pleier. For tida jobbar me med kreative løysingar. Eit alternativ er å pakke inn smaksprøvane på førehand, eit anna er å tilbrede smakspøvane bak i teltet. Når det gjeld handmaten kan den tilbredast bak i teltet. Kundane får heller ikkje ta på syltetøy sjølv, det skal gjerast for kunden. Heldigvis skal ikkje koronaviruset smitte gjennom mat, seier Slettehaug.

 

Oversikt over kvar Bondens Marked er i Mai

BONDENS MARKED I FØRDE: Bilete er lånt frå Facebooksida til Bondens marked i Sogn og Fjordane.

 

- 9.mai i Florø.

- 16.mai i Førde.

- 30 mai i Florø.

 

I tillegg skal dei etter planen ha marknad 20 juni i Florø.