- Dette har eg drøymt om lenge
Bodil Fjellestad Eikrem har vore bondelagskokk dei to siste åra. No har ho laga kokebok.
- Det er veldig stas å gje ut eige kokebok, seier Bodil Fjellestad Eikrem.
Eikrem har vore bondelagskokk dei to siste åra. Ein tittel som gav ho eit stipend på 100 000 kroner. Ho valde å nytte alt på kokeboka.
- Det var ein fin startkapital, så då var det berre å hoppe i det.
For å få kokkestipendet må den utvalde mellom anna ha kjærleik til norske råvarer og matprodusentar.
-Eg har med 18 lokalmat-produsentar i boka. Det er viktig å få dei fram, for produsentane er minst like viktige som oppskriftene i boka.
Sjølv om Eikrem har jobba for Bondelaget, har ho hatt full jobb ved sida av.
- Det har gått fint å vera kjøkkensjef på Gloppen hotell samtidig.
Jobba med boka i to år
- Det å gje ut kokebok har eg drøymt om lenge.
Ifylgje Eikrem har ho jobba med boka i to år.
- Me har teke oss god tid og gjort godt arbeid. Eg har vore veldig bevisst på at oppskriftene ikkje skulle vera for kompliserte.
Kor vanskeleg har det vore å lage oppskriftene?
- Som kokk nyttar eg lite oppskrifter når eg lagar mat, så det har ikkje vore enkelt.
Kjekt å signere bøker
- Det er moro å vite at folk kjøper boka, eg har alt signert ein del.
Eikrem ville ha boksleppet på festivalen Matamål på Sandane siste helga i september.
- Det var godt planlagt. Dessutan nærmar med oss jul, så eg håpar mange får firkanta julegåver i år.
Vil du vera bondelagskokk? Sjå her:
http://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/er-du-den-nye-bondelagskokken-article78895-3805.html