Bodil Fjellestad Eikrem

 

- Det er veldig stas å gje ut eige kokebok, seier Bodil Fjellestad Eikrem. 

Eikrem har vore bondelagskokk dei to siste åra. Ein tittel som gav ho eit stipend på 100 000 kroner. Ho valde å nytte alt på kokeboka.

- Det var ein fin startkapital, så då var det berre å hoppe i det.

 For å få kokkestipendet må den utvalde mellom anna ha kjærleik til norske råvarer og matprodusentar.

-Eg har med 18 lokalmat-produsentar i boka. Det er viktig å få dei fram, for produsentane er minst like viktige som oppskriftene i boka.

Sjølv om Eikrem har jobba for Bondelaget, har ho hatt full jobb ved sida av.

- Det har gått fint å vera kjøkkensjef på Gloppen hotell samtidig.

 

Jobba med boka i to år

Bodil Fjellestad Eikrem med boka Bodils spiskammers

 

- Det å gje ut kokebok har eg drøymt om lenge.

Ifylgje Eikrem har ho jobba med boka i to år.

- Me har teke oss god tid og gjort godt arbeid. Eg har vore veldig bevisst på at oppskriftene ikkje skulle vera for kompliserte.

 Kor vanskeleg har det vore å lage oppskriftene?

- Som kokk nyttar eg lite oppskrifter når eg lagar mat, så det har ikkje vore enkelt.

 

Kjekt å signere bøker

Bodil Fjellestad Eikrem signerer bøker under festivalen Matamål på Sandane

 

- Det er moro å vite at folk kjøper boka, eg har alt signert ein del.

Eikrem ville ha boksleppet på festivalen Matamål på Sandane siste helga i september.

- Det var godt planlagt. Dessutan nærmar med oss jul, så eg håpar mange får firkanta julegåver i år.

 

Vil du vera bondelagskokk? Sjå her:

http://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/er-du-den-nye-bondelagskokken-article78895-3805.html