- Eg tykkjer dette er moro, seier Nils T Bjørke.

Han har vore invitert til Matamål fleire gonger, men det var fyrst i år alt klaffa. Bjørke opna mellom anna torgdagen på matfestivalen.  

- Då invitasjonen til Matamål kom, sa eg at eg skulle slutte som leiar i Bondelaget, men dei ville ha meg likevel.

Noko han sette pris på.

 

Glad han tok turen

- Matamål samlar verkeleg folk her oppe, fortel Bjørke.

Han tykkjer festivalen klarar synleggjere både matproduksjonen og verdiskapinga som skjer i området. Vidare meiner han Matamål er viktig for den jamne forbrukaren.

- Ved å ta turen kan folk sjå kva landbruket betyr for bygda. Mange får eit nytt syn på kva mat bøndene  produserer og korleis maten blir produsert. Dessutan gjer det eit fantastisk samhald her. Eg trur det er lurt å foredla næringslivet og bøndene i fellesskap under slike arrangement.

 

 

Imponert over dugnadsinnsatsen

Bjørke er imponert over dugnadsinnsatsen som vert lagt ned under Matamål. Han håpar folk veit å setje pris på alt arbeidet som vert gjort.

- Dei klarar samle mat og drikke frå heile bygda. Eg trur verkeleg det gjer eit løft til området her, ikkje berre matproduksjonen.

Den tidlegare Bondelagsleiaren prata med fleire under festivalen og fekk vite at mange sette av siste helga i september.

- Folk kjem heim til Matamål. Når eg høyrer slikt,  meinar eg Matamål har oppnådd noko.

Kjem du attende til Matamål?

- Det kan hende.

 

 

Sjå video med Nils T Bjørke:

https://www.youtube.com/watch?v=mIcKi4vEKgY&feature=youtu.be