- Det var ein suksess
Laurdag 29. august var det fest på Gjengedalsstølen. På programmet sto mellom anna stølsvandring og paneldebatt.
- Høgdepunktet var at me fekk listetoppane i Gloppen til å stille, fortel Nils Magne Gjengedal, som også er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.
Bilvegen til Gjengedalsstølen fylte 25 år, og det skulle feirast.
- Me feirar for å få folk ut i terrenget og syne kva me kan tilby seier Gjengedal, som var med på å arrangere dagen.
Feira med debatt
- I år er det val, så det var viktig for oss å få dei lokale politikkarane i tale. Det er dei me vender oss til når me skal utføre noko i området.
Dei lokale listetoppane i Gloppen prata mellom anna om bruk og vern i eit landskapsvernområde. Med mykje fokus på beite og rovdyr, samt hytte/friluftsliv og næringsdrift.
- Debatten var veldig bra og godt leia av Eldgrim Fossheim.
Suksess
- Me synte for eksempel korleis ein kinna smør, trur mange lærte noko då.
Kor nøgd er du med arrangementet?
-Sjølv om været var dårleg, var det likevel ein fin dag avsluttar Gjengedal.