Nils Magne Gjengedal

 

- Høgdepunktet var at me fekk listetoppane i Gloppen til å stille, fortel Nils Magne Gjengedal, som også er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. 

Bilvegen til Gjengedalsstølen fylte 25 år, og det skulle feirast. 

- Me feirar for å få folk ut i terrenget og syne kva me kan tilby seier Gjengedal, som var med på å arrangere dagen. 

 

Feira med debatt 

Paneldebatt på Gjengedalsstølen

 

- I år er det val, så det var viktig for oss å få dei lokale politikkarane i tale. Det er dei me vender oss til når me skal utføre noko i området.  

Dei lokale listetoppane i Gloppen prata mellom anna om bruk og vern i eit landskapsvernområde. Med mykje fokus på beite og rovdyr, samt hytte/friluftsliv og næringsdrift.

- Debatten var veldig bra og godt leia av Eldgrim Fossheim.

 

Suksess

Det var mange besøkande

 

I tillegg til debatt var det også stølsvandring og ulike demonstrasjonar.

- Me synte for eksempel korleis ein kinna smør, trur mange lærte noko då. 

Kor nøgd er du med arrangementet?

-Sjølv om været var dårleg, var det likevel ein fin dag avsluttar Gjengedal.