TIDLEGARE FYLKESLEIAR: Per Hilleren var leiar i Sogn og Fjordane Bondelag frå 2008 - 2015. 

 

- Det var ein stor overgang å plutseleg stå utan rollen som fylkesleiar seier Per Hilleren.

Sogn og Fjordane Bondelag møter den blide Sogndølen heime i Sogndalsdalen ein solfyllt ettermiddag. 

- Eg har fylt tomrommet med ulike verv i andre organisasjonar. Eg har mellom anna engasjert meg politisk i Senterpartiet i Sogndal. Elles er eg aktiv i misjonsorganisasjonane. Eg sit mellom anna i regionstyret for misjonssambandet i Sogn og Fjordane og Hordaland. 

Der er Hilleren nestleiar. Han sit også som leiar i fellesrådet for kyrkjene i Sogndal og på Leikanger. 

 

Høgdepunktet 

- Tida i Bondelaget minnast eg som travel, kjekk og lærerik. 

For Hilleren var høgdepunktet som fylkesleiar årsmøtet til Norges Bondelag i Loen. 

- Det var verkeleg ei fantastisk oppleving. 

 

Framleis veldig glad i organisasjonen

- Eg har eit godt forhold til Bondelaget. Eg er interessert i kva som skjer både der, og generelt i norsk landbruk. 

Hilleren er framleis inne på landbruksarenaen, og fortel at han kom inn som kretsleiar for Tine. Han vart også vald som årsmøteutsending for Felleskjøpet i vår. 

- Eg har framleis mykje å gjere på, både som bonde og med ulike verv. Sjølv om eg ikkje er fylkesleiar meir, vil Bondelaget alltid stå som ein tung og viktig organisasjon både for meg og norsk landbruk.