Staten sitt tilbod i årets forhandlingar vil forsterke sentraliseringa av norsk matproduksjon, medan vestlandsfylka vert tilgodesett med 20 millionar til krattrydding.  - Ein stor provokasjon spør du meg, held Felde fram. 

Tilbodet er dramatisk for eggprodusentane og pelsdyrhaldarane i fylket som vil oppleve store negative utslag på inntektene gjennom kutt i distriktstilskot på egg og fraktstøtta til pelsdyrfor.   Svinebøndene får store kutt i husdyrtilskotet og rentestøtteordninga vert fjerna.   Saka med kvoteregionar er komen inn med ei omlegging til 7-9 regionar.  Det er mange element i tilbodet som ikkje er bra for matprodusentane i vårt fylke, sant å seie så har eg leita etter "karamellar med god smak" utan å finne dei, seier Felde.

Det svært store fleirtalet av produsentar vil oppleve ein inntektsnedgong frå 2015 til 2016, då staten ikkje syner vilje til å bruke marknadsmoglegheiter eller budsjettmidlar som gjev inntektsverknad.  - Ei innretning der ein svekkar lønsemda i all arealbruk samt beitebruk er heilt feil veg å gå når ein har som mål å auke norsk matproduksjon, held ein frustrert fylkesleiar fram.  Dette var ikkje bra!!!

Staten sitt tilbod til landbruket