Det handlar om å skaffe seg alliansar og jobbe saman med anna næringsliv og andre organisasjonar.  - Det kan fort verte slik at Bergen har nok med sine kommunale oppgåver, og at moglegheitene for alliansane ligg utanfor Bergen, held Kihl fram.  Kihl møtte ei lydhøyr og politisk engasjert forsamling med eit sterkt ynskje om at Sogn og Fjordane skal kunne utvikle både næringsliv og tenestetilbod vidare i Vestland utan å øydelegge særpreget gjennom sentralisering.   Kihl, som er politisk kommentator i Bergens Tidende, hadde tankar om at partilaga og organisasjonane vil spele ei viktigare rolle framover.  Det vil også verte ein mindre føreseieleg politikk med fleire parti involvert i samarbeidet om makta.  Det gjev samstundes moglegheiter for dei som vil påverke retninga. 

Jens Kihl

Jens Kihl er oppvaksen på Ullevål Hageby i Oslo.  Han er norsk journalist og målmann.  Kihl var leder i Norsk Målungdom 20072009. Han var tidlegare politisk aktiv med mellom anna lokalpolitiske verv og som tilsett i SV, og medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. I 2017 vann Jens Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for sitt bruk av nynorsk i Klassekampen.    Frå hausten 2018 har han jobba i Bergens Tidende som politisk kommentator og dekker i hovudsak det politiske biletet innanriks.  Aktuell med bok om kommunereforma:  «Dette er også Noreg – Kommunal feelgood». 

 

Leiarmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag held fram i morgon med innleiingar frå Norges Bondelag og Jølster kommune og deira erfaringar etter ekstremveret.