Måndag 4.november samla ca 60 rekneskapsførar seg på Thon Hotel Jølster for å delta på årets temakurs.  To kurs vart arrangert, og rekneskapsførarane kunne velje mellom "GRFS med juridisk vinkling" og "pensjon og sparing". Føredragshaldarane for dagen var henhaldsvis advokat Vidar Brobakken og landbruksøkonomisk rådgjevar Ole Christen Hallesby, og begge geleida kursdeltakarane gjennom dei mange omgrepa, lovverk, praksis og rettslege avgjersler.

Ole Christen Hallesby foreleste om temaet pensjon og sparing.

Vidar Brobakken dukka djupt i GRFS-regelverket.

Etter kurset vart det middag på hotellet for deltakarane som budde der. Avslutningsvis fekk dei prøve seg på ein quiz der målet var å komme fram til dei nye kommunane i Vestland fylke. Det skorta verken på konkurranseinstinkt, kunnskap eller kreativitet, og dersom det skulle vere kommunar som ynskjer å slå seg saman og treng nytt namn, veit vi kven de kan kontakte. Laget som gjekk av med sigeren slo til med heile 40 av 43 riktige, og kunne ta med seg minnepinne, t-skjorte og heider og ære heim.

Djup konsentrasjon kring borda.