DAGLEG LEIAR HJÅ LÆRDAL GRØNT: Harald Blaaflat Mundal. 

 

- Me har hatt ein veldig bra sesong. Det har vore rekordavlingar på både potet og gulrøtter, fortel Harald Blaaflat Mundal.

Han er dagleg leiar hjå Lærdal Grønt, og seier at dei også har hatt den nestbeste morellsesongen noko tid.

- Det er veldig kjekt. Sesongen har vore bra med unntak av bringebær, det skuldast vinterskade. Difor har me ikkje hatt fullt så mykje bringebær som me brukar å ha. 

 

Fylkesstyret på tur

FRÅ VENSTRE: Tor Arne Herstad (3.vara til styret), Henriette Sunde (styremedlem), Ole-Ivar Åm Sognnes (nestleiar), Ole Bjarne Hovland (1.vara til styret), Harald Blaaflat Mundal (dagleg leiar hjå Lærdal Grønt), Nils Magne Gjengedal (styremedlem), Inge Brekke (2.vara til styret) og Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag).

 

- Det var veldig kjekt å få besøk av styret og dei tilsette i Sogn og Fjordane Bondelag. Det er kjekt med engasjerte besøkande, som oppriktig er interessert i arbeidet me gjer. 

Under besøket fekk Bondelaget både omvisning og presentasjon/innleiing ved Mundal.   

- Eg håpar alle fekk sjå verdien av frukt, bær og fruktproduksjonen i fylket vårt, og tek det med seg vidare i den viktige jobben dei gjer.