No er det midt i sesongen for ramslauken, ein nyttevekst som har blitt svært populær på mange kjøkken kringom i Norge. Ramslauken finn ein ofte som eit teppe på skogbotn, gjerne i eit fuktig område, so leit i områder der du veit det renn elver/bekkar. Som regel kan du finne den i perioden april - juni, med lokale variasjonar.

Pass på at du plukkar ramslauk og ikkje den giftige liljekonvallen som den kan forvekslast med.

Korleis vite at det er ramslauk:

  • Det sikraste teiknet er å gni eit blad i hendene. Då skal det lukte lauk/kvitlauk frå ramslaukbladet medan ein liljekonvall vil ikkje gi denne lukta
  • Blada er mjukare enn liljokonvall
  • Blada til ramslauken har kvar sin stilk medan på ein liljekonvall sit det 2 eller fleire blad på same stilken
  • Blomen er stjerneforma, til skilnad frå klokkeforma på liljekonvallen

 

Kva kan ein bruke ramsauk til?

Ramslauken kan brukast til det meste i matlaginga, som smakstilsetjing i salatar, dressingar, pesto, kryddersmør, olje, salt osv. Her er det berre å prøve seg fram.

Pass på å vaske ramslauken etter du har plukka den, få av mest mogleg vatn i ei salatslynge og legg utover på papir/handduk for å tørke av vatnet før du brukar den i matlaging. Vår utsending har prøvd seg på å lage ramslauksalt denne gongen, og her kjem oppskrifta:

 

ca 200 g ramslaukblad

0,5 dl nøytral olje (kan sløyfast)

ca 500 g flaksalt

Køyr ramslaukblada og oljen til ein jamn purè i ei kjøkkenmaskin. Denne purèen kan brukast i mange oppskrifter - du kan blande den ut i smør og lage kryddersmør, pesto, olje osv.

 

Bland flaksalt inn i purèen.

 

La blandinga stå på kjøkkenbenken ei stund.

 

Set steikomnen på 100 grader varmluft og bre saltet utover ei steikeplate. Tørk i omnen til blandinga er tørr, minimum 4-5 timar.

Ha saltet over på lufttette glas. Saltet får ein mild kvitløkssmak og kan brukast til det aller meste. I tillegg har det ein flott grønfarge som gjer saltet litt ekstra dekorativt.