HEILE GJENGEN: Fyrste kurssamling

 

- Eg er audmjuk og imponert over kunnskapsnivået og engasjementet til deltakarane og foredragshaldarane, seier Ole-Ivar Åm Sognnes. Han er styremedlem  i Sogn og Fjordane Bondelag og deltakar på kurset "ta grep"

"Ta grep" er eit kurs og mentorprogram for tilitsvalde i landbrukssorganisasjonane. Det består av 3 samlingar med ulike tema. Mellom samlingne har kvar deltakar fått tildelt sin personlege mentor. Første samling var 5-7 oktober på Olympiatoppen .

 

Fleire mål

 

I år er det 18 deltakere, fordelt mellom samvirkeorganisisjonane og Bondelaget. Dei fleste mentorane har bakgrunn frå tilitsverv i landbruket.

- Det er positivt og innspirerande å møte tilitsvalde frå ulike organisasjonar og landsdelar fortel Sognnes. 

Målet med programmet er
• Personleg og fagleg utvikling 
• Nettverksbygging som varer utover programperioden 
• Auka kunnskap om styrearbeid i landbrukets organisasjonar

- Eg vil rette ei stor takk til eigen organisasjon for tilliten og resursbruken som eg får gjennom deltaking på "Ta Grep"-programmet, avsluttar Sognnes.