Etter mitt syn bør snønipa samdrift klage på vedtaket som Mattilsynet har fatta, held fylkesleiaren fram. Regelverket seier følgande: Et dyr som ellers er friskt, skal ha vært utsatt for en ulykke som, av hensyn til dyrets velferd, forhindret at dyret kunne fraktes til slakteriet. Dette står på side  3 i Mattilsynet sin rettleiar.: http://www.mattilsynet.no/mattilsynet/multimedia/archive/00065/N_dslakting_og_bed_m_65163a.pdf

Sjølv om Mattilsynet seier at det ikkje er rom for skjønn, so kan ein diskutera kva som er ei ulukke - eller ei uføresett hending, seier Hilleren.   Det som skjedde her var i alle høve eit unntak frå regelen.  Og det er vel også eit moment at det å forsøke å fange inn ein stressa og skremt okse ikkje er særleg gunstig for dyret sin mentale velferd.

Eg er kjend med at det har  vore fleire runder  i samband med endringa av krava til nødslakt som kom då EU sitt hygieneregelverk vart  innført i Norge.  Problematikken har gått på kva som kan sjåast på som ein akutt skade. Det som vi møtes med er at dette er EU reglar og det avgrensar difor handlingsrommet for kva som aksepterast.   I denne saken meiner eg det er på sin plass å utfordre Mattilsynet og deira tolking av regelverket, for dette strid mot all sunn fornuft avsluttar Hilleren.