Datoane 13.-14 september 2013 må du setje av i kalendaren din. Då går Landbruksdagane 2013 av stabelen på Norsk Fjordhestgard på Breim. -Då vi høyrde at fylket fyller 250 år i 2013 kom ideen om å samle landbruksnæringa til ei markering, seier leiar i Breim Bondelag Anders Felde. -Tenk på korleis landbruket har prega fylket, og kor viktig næringa framleis er, held han fram.

 Dei som tek turen til Breim i september skal få oppleve noko av den utviklinga landbruket har gått gjennom dei siste 250 åra. -Historie og aktivitetar knytt til mat, handverk og landbruksverksemd vil sjølvsagt stå sentralt, seier Felde. Samstundes skal vi og sjå framover, og syne fram topp moderne løysingar, legg han til. Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Felleskjøpet, Nortura, Tine og Bondelaget, og som skal arbeide fram mot tilskipinga. I tillegg er ei rekkje lag og organisasjonar med tilknytning til landbruksnæringa inviterte til å kome med innspel og til å vere med på markeringa.

-Vi skal lage ei stor markering med eit mangfald av utstillingar og aktivitetar. Landbruksdagane på Breim 2013 kjem til å ha interesse for langt fleire enn dei som er direkte knytt til landbruket, forsikrar Anders Felde.

Landbruksdagane vert ei av fleire tilskipingar som markerer fylkesjubileumet.

I september vert det landbruksdagar, med eit todagars opplegg på Fjordhestgarden på Breim. Den første dagen vert det eit tilbod til skuleelevar i regionen, medan ein på dag to inviterer "heile fylket"