LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Vi forheld oss til vedtaket som har fleirtal, seier Anders felde. 

Fredag 16.juni var det debatt i Stortinget om Jordbruksavtalen 2018. Fleirtalet (H, V og FrP) har vedteke at jordbruksavtalen skal ha ei økonomisk ramme på 625 millionar kroner, og at partane i oppgjeret må verte einige om korleis budsjettmidlane skal fordelast.

- Ideelt sett hadde eg håpa på ei løysing i Stortinget, no går saka attende til  partane i oppggjeret. 

 

Ikkje reele forhandlingar

- Det er det ikkje snakk om forhandlingar, men fordelingar innan ei ramme Stortinget har vedteke. 

Fylkesleiar Felde fortel at Jordbruksoppgjeret endte i brot, og at ein no vert pressa til å fordele ei økonomisk ramme.  

- Det er ikkje ideelt, fatslår Felde.