HAR KLASSEROM HEIME: Sigbjørn Norddal.

 

- Nettundervisning fungerer ganske bra, seier Sigbjørn Norddal.

Han går siste året på Mo, og er snart utdanna agronom. For tida fylgjer han undervisninga frå lærarane ved skulen på internett. Det vart slik for elevar over heile landet etter koronaviruset sette Norge i ein unntakstilstand.

- Av og til kan det vere litt kapasitetproblem, då me alle nyttar same tjenestene på nettet. Sjølv om det stundom kan gå litt treigt, får me stort sett alt med oss.

 

Skuledagen

- Undervisninga startrar 08.20. Då skal me vera pålogga og klare seier Norddal.

Han fortel at elevane har skule fram til 11.30, då er det lunsj. Etter planen held undervisninga fram frå 12.00 -15.10.

- Lærarane har fagstoff dei går gjennom, så får me oppgåver som me skal løyse.

Norddal fortel at det er ein spesiell situasjon å vera i, og han er spent på kor lenge det vert slik. Han forsøker å fokusere på skule, sjølv om freistingane er mange heime på garden i Sunnfjord kommune.

- Det freistar å køyre traktor og gå i fjøsen ler han.

Likevel fokuserer han på skulen, og forsøker å ikkje stresse med tanke på eventuelle eksamenar.

- Når det gjeld eksamen tek eg det som det kjem, avsluttar han.