LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Det viktigaste er difor at bonden held seg frisk og i tillegg bidreg til minst mogeleg smittespreiing.

Det fortel Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

- Matforsyning inngår i den samfunnskritiske funksjonen “forsyningssikkerheit”, og kan difor nytte seg av barnehage / skuletilbod som kommunane er pålagt å tilby, dersom ein har utfordringar kring pass av born.

 

Må unngå smitte

- Bøndene må tenkje gjennom dagleg rutinar slik at ein held seg frisk og ikkje blir smitta, følg råda frå offentlege myndigheiter og mattilsyn.

Vidare fortel Felde at Mattilsynet tilrår at dei som er smitta ikkje har kontakt med produksjonsdyr.

- Dersom ein blir smitta må ein prøve å finne løysingar kring stell av dyr. Sjekk med familie eller andre bønder om dei har kapasitet, evt. må ein kontakte avløysarkontor.

 

Alternativ til utanlandsk arbeidskraft

- For bønder som driv arbeidsintensive produksjonar som grønt, frukt og bær og er avhengig av utanlandsk arbeidskraft må ein ta utgangspunkt i at utanlandsk arbeidskraft ikkje er tilgjengeleg.

Ein må difor tenkje gjennom korleis planting, stell og hausting kan føregå med norsk arbeidskraft, held Felde fram.

- Det viktigaste er at ein no startar planlegginga av dette, slik at vi sikrar at matproduksjonen blir halden oppe må eit normalt nivå. Utfordringane med tilgang på hjelp i plante og haustsesongen kan blir utfordrande, men det er mogeleg å løyse.