- Ein beredskapsplan er ferskvare, for det hjelp ikkje å ha ein flott perm ståande på hylla dersom den ikkje er i bruk og oppdatert. Det viktigaste er at den er enkel, lett tilgjengeleg og oppdatert, seier Gry Ingvild Agjeld, styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.

Saman med familien driv ho ein gard med 72 vinterfora sauer på Agjelda i Stryn kommune. Dei held for tida på med å flytte dyra over i ny driftsbygning og gjer klart for vårens vakraste eventyr - lamminga. Med nyheitene fulle i oppdateringar om korona-situasjonen, gjer dei seg nokre tankar om sin eigen beredskap.

Gry Ingvild Agjeld framfor fjøsen hausten 2019. No er fjøsen klar og arbeidet med å flytte inn er i full sving.

- For det første så gjer me det me kan for å unngå å bli smitta sjølve. Me er uansett påpasselege med å ikkje bli sjuke i tida rundt lamminga, men er nok ekstra vare i år, seier Agjeld.

Men av og til kan det oppstå akutte situasjonar, om det er korona, andre sjukdommar eller uhell. - Beredskap er alltid viktig å ha i bakhovudet, og det er lurt å ha ein tanke om at når ein har lukka døra etter fjøsstellet så skal det vere mogleg for nokon andre å komme inn og ta over fjøsstellet neste dag, seier Agjeld.

- I fjøsen har me ei tavle der all viktig informasjon er samla, og denne blir kontinuerleg oppdatert. Her står det korleis fjøsstellet skal gjennomførast, fôring, om nokon skal ha ekstra oppfølging/medisin, kven er venta å lamme osv. Tavla er aktivt i bruk gjennom heile året, men spesielt i lamminga då det ikkje er alltid ein rekk å oppdatere kvarandre mellom lammevaktene. Her heng det liste over paringsdato og fødslar og absolutt all informasjon me treng, seier Agjeld. På same plassen har dei samla anna viktig informasjon som gjer avløysinga lettare.

Oversikt over garden

 - Me har laga ein plakat med kart over garden der alle dei viktigaste funksjonane er tatt med. Der har me ei grovskisse med brønn, stoppekrane, sikringsskap, brannberedskap og førstehjelpsutstyr, samt ei meir detaljert teikning over sjølve fjøsen. Hugs på å ta med ganske enkle ting, som kor lysbrytarane er, plassering av fôr osv.

 

Viktige telefonnummer

- På tavla har me ei liste over viktige telefonnummer lett tilgjengeleg skulle ein avløysar trenge hjelp. Dette kan vere veterinær, veterinærvakt, NLT, naboar som kan ta i eit tak, fôrleverandør, mekanikar, rundballelag og sjølvsagt våra telefonnummer.

 

Bruksanvisningar

- Lag enkle bruksanvisingar over maskiner og utstyr og ha dei lett tilgjengeleg. Det er ikkje alltid nok å få demonstrert bruken eit par gonger, og då er det greit for avløysar å ha ei bruksanvising å ty til, I tillegg kan det vere greit å ha ein plakat i smitteslusa om korleis denne fungerar, for det er ikkje alle som gjer dette riktig, seier Agjeld.

 

Involver familien

- Involver borna og heile familien i drifta slik at dei veit kva som må gjerast. Sjølv om borna ikkje er gamle nok til å utføre arbeidet så vil dei kunne rettleie ein vaksen i kva som må gjerast og å finne fram på garden.

 

Skaff deg ein "ytre beredskap"

- Å vere bonde kan vere eit einsamt yrke der mykje av arbeidet utførast aleine heime på gardane. Då er det godt å vere del av eit større nettverk. Me er medlem i fleire organisasjonar, som Bondelaget, Norsk Landbrukstenester, Norsk Landbruksrådgjeving, Landbrukets HMS tenester og Norsk Sau og Geit. I tillegg er vi med i lokalt beitelag og har saman med tre andre gardar gått i lag og laga eit rundballelag. På denne måten har vi gode støttespelarar, vi veit om kvarandre og kva løysingar vi har på dei ulike gardane, og kan lettare hjelpe kvarandre om noko skulle oppstå.

 

Ta vare på kvarandre

- Hugs at det å produsere mat er ein samfunnskritisk jobb, så vern deg sjølv og familien din så godt du kan slik at du held deg frisk og kan ta vare på dyra dine. Følg råda frå myndigheitene, men pass òg på å vere sosial, ring kvarandre, bruk sosiale media og ta vare på kvarandre, avsluttar Agjeld.

Nye fjøsen på Agjelda er klar for innflytting