Fylkesleiar Per Hilleren møtte fylkesleiar i Arbeiderpartiet Nils P. Støyva og Stortingsrepresentant Ingrid Heggø på Skei i går.  Ingunn Kjelstad frå Skogeigarlaget deltok også i møtet.  Fylkesleiaren tykkjer det er bra at dei raudgrøne partia i fylket har gått saman i å formulere ut brevet til Statsministeren.I eit eige brev til Statsminister Jens Stoltenberg, signert av dei raudgrøne fylkespartia og dei raudgrøne ordførarane i fylket krev dei at regjeringa må kome med meir budsjettmidlar til bruk i forhandlingane med næringsorganisasjonane.  - Som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag er eg svært glad for initiativet frå dei raudgrøne partia i fylket, seier Per Hilleren i ein kommentar til brevet som han nyleg har fått ein kopi av.  Det må ikkje vere tvil om at skal ein klare å styrke distrikta i desse forhandlingane så må dei meir budsjettmidlar til, og det er flott at vi får støtte frå grasrota i partia på dette.

Brevet frå dei raudgrøne partia til Statsministeren kan du lese her.