Det var ein offensiv styreleiar som heldt ei engasjerande og fagleg opplysande innleiing om samvirke si rolle i norsk landbruk og i norsk landbrukspolitikk.  Mange i salen uttrykte  seg i svært positive ordelag om innleiinga til Svebestad.   Ein svært tydeleg Svebestad sa at utan marknadsordningar vil vi ikkje vere i stand til å kunne ha eit landbruk i heile landet.  Svebestad ser heller ikkje føre seg kven som kan gjere ein betre jobb enn Nortura med å regulere marknaden. 

Dagens marknadsregulering:

  • Sikrar alle bønder i heile landet avsetning og pris for sine produkt innan avtalt ramme (jordbruksavtalen)
  • Sikrar forbrukarar og industri i hele ilandet stabil tilgang på norske jordbruksprodukt.
  • Med akonkurranse aukar betydningen av at det er samsvar mellom forpliktelsar og verkemidlar for  marknadsregulator

Sveinung Svebestad si innleiing finn du i sin heilskap her

Stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel hadde nok både eitt og hitt og lære av innleiinga som styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad (t.h.) heldt i årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.