-  Det er inspirerande å vera her, seier Nils Magne Gjengedal.

 Han sit i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag og er på Dyrsku`n for aller fyrste gong.

- Noko av det kjekkaste eg har gjort denne helga, var kumønstringa, fortel han.

 

Inspirert

- Det er fint å kome i lag med mykje folk å sjå på alle utstillingane og dyra. Det gjer meir inspirasjon til å drive med det ein driv med, forklarar Gjengedal.

Til vanleg driv han ein vestlandsgard med mellom anna kyr.

 

Nils Magne Gjengedal og nokre av dyra ein kunne sjå på Dyrsku`n

 

Har sett nokon frå Sogn og Fjordane

 Gjengedal kom til Dyrsku`n med kona og eit vennepar. Sjølv om det er mykje folk, har han ikkje funne mange frå Sogn og Fjordane.

- Det er nokre frå fylket her, men Sogn og Fjordane er ikkje sterkast representert. Eg trur folk frå lokalområdet og i austlandsområdet  har meir tradisjon for å reise til Dyrsku`n.

 

Kjem attende

- Dette er eit fantastisk arrangement. Det hadde vore moro å dra i gang noko liknande i Sogn og Fjordane. Eg trur det er viktig å lage arrangement som mellom anna får ungdommen med seg. I går såg eg mange unge på kalvemønstringa, seier han.

Ifylgje Gjengedal  har han fått både faglege og sosiale  behov dekka denne helga.  Han tykkjer det er viktig å finne seg ein arena der ein kan prate fag og samtidig vera sosial. 

Kjem du attende til Dyrsku`n?

- Ja. Kanskje neste år, eller året etter det.

Sjå video med Gjengedal her:

https://www.youtube.com/watch?v=tdG6qGOD0Cs&feature=youtu.be