Per Hilleren vart svært skuffa då han i dag fekk presentert Regjeringa sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. -Dette tilbodet er kritisk lågt, seier Hilleren. Jordbruket hadde eit krav med ei ramme på 1,5 mrd, og når Regjeringa tilbyr 150 millionar er dette sjølvsagt svært skuffande.

Regjeringa legg opp til ein auke i målprisar på 340 millionar, og å overføre 60 millionar i såkalla ledige midlar. Men over budsjettet vil dei kutte 250 millionar. Kutta finn ein mellom anna innan SMIL-midlane, utviklingstiltak for økologisk landbruk og tidlegpensjonsordninga for bønder. Arealtilskot er føreslege flata ut for både gras, korn og frukt/bær. På sau er det framlegg om å redusere tilskotet på dyr over 1 år med kr. 526, og auke kvalitetstilskotet på lammeslakt med kr. 401.

Tilbodet som er lagt fram legg opp til større driftseiningar, og det vart under pressekonferansen presisert at ein ønskjer forenklingstiltak og betre inntektsmoglegheiter for heiltidsbønder. Regjeringa vil auke kvotetaket til 1,2 millionar liter, og fjerne særregelverk knytt til samdrifter.

Hilleren er skuffa over at Regjeringa i sitt tilbod ikkje syner større vilje til å auke bønden si inntekt og stimulere til auka matproduksjon.

-Men no må me berre setje oss godt inn i tilbodet, for så å gjere vurderingar om det er grunnlag for å gå i forhandlingar, avsluttar Hilleren.

Staten sitt tilbod kan du lese her

Per Hilleren har vore spent på Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, men vart i dag svært skuffa.