Onsdag denne veka hadde styret møte på Thon Hotel Jølster.  På agendaen stod først og fremst førebuing til årsmøtet i Norges Bondelag, som skal gjennomførast digitalt den 30. september.  Mykje av tida vart nytta til å drøfte innhaldet i det næringspolitiske programmet for 2020-2024.   Første gong det var tema i styremøtet var i desember 2019.  Den gong fekk utkastet tilnærma slakt av styret både når det gjeld innhald og språk.  No er det siste utkastet vorte eit dokument som i mykje større grad tek omsyn til kor viktig det er for norsk matvareproduksjon å utvikle eit landbruk i heile landet!  Gjennom fleire høyringsprosessar der mellom andre styret i Sogn og Fjordane Bondelag ha kome med lengre innspel er det vorte eit godt dokument.   Fylkesstyret er klinkande klare på, at utan eit landbruk i heile landet som skapar verdiar, og som vert prioritert, vil det heller ikkje vere grunnlag for ein stor næringsorganisasjon som Norges Bondelag.

Styret f.v. Kari Sigrun Lysne, Gry Ingvild Agjeld, Anders Felde, Ole Bjarne Hovland, Olav Høyheim og Nils Magne Gjengedal.   Ellen Kristin Eiken og Mathilde Dolen nesje er også utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag. Dei hadde meldt forfall til utsendingsmøtet, men deltek i årsmøtet.

Andre saker som vart drøfta i styret var samanslåingsprosessen med Hordaland Bondelag til Vestland Bondelag.  Etter planen vert det skipingsmøte på Voss den 12. og 13. november.   Koronasituasjonen vil avgjere om det vert digitalt møte eller fysisk møte.  Avgjerd på dette må takast ved starten av oktober.  

Elles handsama styret også følgjande tema i form av drøftingssaker og meir formelle vedtakssaker:  Årsmøterunden til lokallaga, framlegg på kandidatar til nye dyrevernnemnder, investeringsverkemiddel i  landbruket, naturskadeordninga, beredskapsøvingar lokalt i kommunane, tema for lokallaga sin dialog med kommunane, klimapolitikk og klimakur, arbeidsgjevarrolla i grøntnæringa, innspel frå medlem som vedkjem kommunane si handtering av jordlova og innspel på kandidatar til faste utval i Norges Bondelag.    

Alle saker vert handtert med godt engasjement frå heile styret.  - Medlemene i Sogn og Fjordane er heldige som har eit slikt engasjert og kunnskapsrikt styre med stort hjarte for medlemene.  Eit styre som utfordrar kvarandre og som er dønn ærlege i innspela sine, avsluttar den heldige sekretæren.