- Eg var til liks med mange andre i tvil på om eg skulle takke ja, til tillitsverv i landbruket første gongen eg vart spurt, seier Øren.  Det var då far min kom med orda "det du ikkje dauar av det veks du på", og det har synt seg å vere mykje sant i dei orda.  Myrmel Øren var ein av innleiarane på seminar for kvinnlege tillitsvalde i landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane på Voss sist veke.   Kring 30 kvinner var samla til kunnskap og nettverksbygging i regi av Landbruksråd Vestland.  Konsernstyremedlem i Tine, Cecilie Bjørlo var initiativtakar til seminaret i kraft av at ho også er leiar i arbeidsutvalet i Landbruksråd Vestland.  Einaste  mann på samlinga var leiar i Hordaland Bondelag Kjetil Mehl som hadde meldt seg friviljug som medlem i planleggingsgruppa.  Nedanfor finn de bilete frå første dagen.  Artikkel om den andre dagen kjem seinare i veka :)

Dyktige kvinner samla på Voss

Nina Sandal Engelbrektsson la vekt på at ein må vere den ein er i styrerommet.  Sjølv sit ho mellom anna i styret i Tun Media.  - Sei ja, og livet får ein ny dimensjon, kunnskapen kjem, ver førebudd, men hugs gjerne på å kome "stille heim" for det må ligge til rette i heimen for å kunne ta på seg verv.  Då er gjerne ikkje det å klage på rot på kjøkenet det første du skal gjere når du kjem heim.

Marit Flatjord sit i sentral valnemnd i GENO.  Ho fortalde om valnemnda sitt arbeid og kva ein legg vekt på i det arbeidet.

 

Gruppearbeid på kva som må til for å få fleire kvinner til å takke ja til verv i landbruket sine organisasjonar

Den første dagen vart avslutta med "teambuilding".  Kanskje er puslebrettet rimeleg kaotisk den første tida som tillitsvald, men etterkvart vil brikkene falle på plass.