-Det vart vist til reknestykke som viser at all skog i landet bind så myke Co2 frå luft at det svarar til all mengde Co2 utslepp til luft frå den norske biltrafikken. Og det vart vist til at tradisjonell maskinell rensetekikk for Co2 er kostbar og skapar miljøureinande avfallstoff og at rensing av Co2 knytt til skog ikkje har ein slik skadeleg miljøeffekt og kostnad med teknisk utstyr. Kapp og greiner frå felt skog bind også Co2 frå lufta.

-Det vart så presentert ein tenkt modell for finansiering av ein slik miljøtilleggsfunksjon for skogbruket, der dette må kunne baserast på skogen sitt livsløp, frå planting til hogst, og der skogeiar får ei "miljøinntekt" fordelt over skogen sitt livsløp. Dette må så ta utgangspunkt i mengde skog basert på utarbeidd driftsplan i skogbruket og betalt med eit kronebeløp per tonn skogsvirke, der storleiken på bindingseffekten av Co2 frå luft til skog må vere utgangspunktet.

-Eit alternativ for å finansiere ei slik "miljøinntekt" til skogeigar må kunne vere miljøavgifta frå forbruk av forsilt brensel. Det må også vere naturleg at ei slik finansiering må kunne initierast frå andre dep. enn frå Landbruks- og matdepartementet, t.d. frå Olje/energi- og Miljødepartementetet.

-Dersom ein fekk til ei slik tilleggsfinansiering for binding av Co2 i skog, i tillegg til tømmerpris, ville det også gjere planting og fornying av skogen mer attraktivt, noko som også trengst, då vi i dag har får dårleg etterplanting av skog etter hogst. 

 

I debatten etter innleinga vart det mellom anna uttrykt frustrasjon over at den norske stat sender milliardar av kroner til Brasil for å redde regnskogen der gjennom binding av Co2 til skog, der pengar framleis står på bok, då det har vore vanskeleg å få tilrettelagt gode nok tiltak til formålet. Kanskje kunne det vore lettare og meir formålsteng for oss å anvende slike miljøtiltak for skogbruket i eige land. Det var også kommentar på at dette temaet burde knytast til både skogbruk og jordbruk gjennom bonden sin miljø- og ressursplan i landbruket.