Camilla Avedal Ulvik held fram som leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag
Måndag 29.oktober hadde Fjaler og Hyllestad Bondelag årsmøte.
PÅ ÅRSMØTE: Ein glad gjeng.
På møtet vart mellom anna hjorteforvaltning teke opp. Dei ynskjer å senke arealkravet til lågaste nivå i Fjaler og Hyllestad.
FOTO: Håkon Langeland.
På møte var dei også innom tema som avlingsskade, og sjukepengar. Elles vart styre oppmoda om å arrangere Open Gard, noko dei la inn i arbeidsplanen sin. Dei la også inn møte med både ordførar og kommunestyret der.
Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) kom frå fylkeslaget og orienterte om aktuelle saker.
Val
HELD FRAM SOM LEIAR: Camilla Avedal Ulvik.
Camilla Avedal Ulvik tok attval, det gjorde resten av styret også.