Sist veke fekk Øvreås besøk av generalsekretær i Norges Bondelag Sigrid Hjørnegård og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.  Fjøsen til familien i Skjolden vert bygd som ombygging og tilbygg til eksisterande fjøs.  Familien har vald å bygge mjølkestall då den driftsforma dei har i dag med halvparten vestlandsfe og halvparten NRF høver til dette.  - Vestlandsfe og NRF skal gå i kvar sin del av lausdriftsfjøset, då dei har rimeleg ulike fysiske føresetnader seier Øvreås med eit smil.   Han og resten av familien ser fram til å få kome i ny fjøs til jul.  I tillegg til mjølkeproduksjon har også familien sau som beitar i Mørkridsdalen.  Å nytte utmarksressursane i fjellheimen er svært viktig for oss, så difor held vi også fram med sauehaldet.  - Så er det å håpe at jerven held seg unna og at politikarane ikkje set beitenæringa i heile Norge sjakk matt ved å endre inndelinga av dagens rovviltregionar seier ein svært tydeleg Øvreås.

Øvreås er også flink til å skryte av familien sin og av leiaren i lokallaget, Andreas Wollnick Wiese og familien hans som kjøpte seg gard i klyngetunet på Bolstad og kom flyttande til Skjolden.  - Da inspirerer og engasjerer å ha ein kreativ, arbeidssam og kakodrikkande bergensar som nabo, avsluttar Øvreås med eit smil.

Lokallagsleiar Andreas Wiese serverer kakao til reisefølgjet

Fylkesleiar Anders Felde er tydeleg på at det er slike fjøs i storleik 15 - 30 mjølkekyr vi treng meir av i fylket.  Skal vi få til det trengst det kreativitet, gode løysingar, svært god finansiering og pågangsmot.  Difor applauderer vi høgt satsinga til familien Øvreås i Skjolden.

Andreas W. Wiese, Sigrid Hjørnegård og Arne Rebni Øvreås utanfor den nye fjøskassen.