Fylkesmannen sitt BU-program som har gått sidan tidleg på 90-talet.  Utgangspunktet for programmet var og er mobilisering i bygdene for næringsutvikling og gode lokalsamfunn, og med ein hovudtanke om at bygdene sjølve skulle definere problema og sette inn rette tiltaka.  Fylkesmannen si rolle er å bidra med prosess + pengar + kunnskap og kontaktar. Over tid ser vi at bygdene i BU-programmet dei siste åra har lagt hovudvekt på lokalsamfunnsutvikling, det vil seie det gode liv på bygda, og i liten grad bidrege til mobilisering for etablerarar, næringsutvikling og liknande.  Når det er sagt har det sjølvsagt skjedd mykje positivt i dei bygdene som har delteke i programmet, og siste bygdeanalyse synte betre utvikling i desse bygdene enn i samanliknbare bygder, skriv fylkesmannen i sitt notat.

Den nye landbruksmeldinga legg opp til at Fylkesmannen skal utarbeide eit «Regionalt bygdeutviklingsprogram» med tre hovudelement; miljøprogram, næringsutvikling og skog og klima.  - Dette skal skje i tett samarbeid med næringa sine organisasjonar seier fylkesleiar Per Hilleren.

Dei siste åra ser vi at Kommunal og regionaldepartementet (KRD) har kome langt meir på bana med pengar og andre verkemiddel for lokalsamfunnsutvikling i kommunane (LUK).  Fylkesmannen sitt BU-program og KRD/FK sitt arbeid innan lokalsamfunnsutvikling og bulyst har vorte ganske like kvarandre.   Samtidig har vi ein situasjon der vi dei siste åra har fått stadig færre søknadar innan etablering og landbrukstilknytte næringar, tilleggsnæringar.  Vi har også ein del bygder der det er lite nysatsing på det tradisjonelle landbruket.

I alle vellukka bygder bør det vere ein god balanse mellom næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling, og vi må på fylkesnivå ta omsyn til begge deler. Men pr i dag har vi nærmast to prosjekt på lokalsamfunnsutvikling i bygdene og ikkje eit tilsvarande satsing på næringsutvikling.  - Eg tykkjer det er positivt at vi får inn eit sterkare næringsfokus i arbeidet i bygdene og ser positivt på sei omleggingane som vert gjort framlegg om, seier Bjarte Myren.

 Fylkesmannen sitt Bygdeutviklingsprogram vil få slik omlegging:

  • Arbeidet med lokalsamfunnsutvikling blir koordinert og samla i Fylkeskommunen sitt arbeid med lokalsamfunnsutvikling
  • Fylkesmannen fasar ut sitt BU-program slik det er i dag, og etablerer ei satsing på næringsutvikling i bygdene innan både tradisjonelt landbruk, landbrukstilknytta næringar og andre bygdenæringar
  • Dei bygdene som alt er inne i BU-programmet blir følgt opp av fylkesmannen ut prosjektperioden på to – tre år. Dette skal vi få til i samarbeid med andre tidlegare BU-bygder + til dømes relevante LUK-samlingar.

 

 Med utsikt til Stardalen, ei av dei første bygdene i fylket som deltok i Bygdeutviklingsprogrammet.