Vèl fortent pris til Storfeprosjektet, prosjktleiar Jo Helge Sunde og Straumsnes Mjølk og Kjøt (SMOK)  som representerer eit godt døme på næringsutvikling med utgangspunkt i mjølkeproduksjon.  VI heiar vidare på alle som står fram for viktige val vedrørande utvikling av tradisjonell landbruksdrift på eigen gard, held fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag fram.  Mykje er gjort gjennom storfeprosjektet, men det er stor trong for å ha fokuset på utviklinga av mjølk og kjøtproduksjonen også framover, seier eit svært tydeleg fylkesstyre.   Skal vi lukkast med det er det samarbeid og målretta arbeid der verkemiddel vert endra i tråd med den trongen som er der for å kunne lukkast med naudsynt fornying.

Bilete: Frå Straumsnes våren 2019 - skimtar fjøstaket til SMOK

Utgangspunkt i situasjon med nytt meiieri på Byrkjelo og manglande investeringslyst i mjølkeproduksjonen

I desember 2002 hadde styret i Sogn og Fjordane Bondelag styremøte i Selje.  På sakskartet stod mellom anna kva som måtte gjerast for å sikre mjølkeproduksjonen si framtid i fylket.  Dåverande fylkesleiar, Alf Støfring, var svært uroa over ein situasjon der så å seie ingen bruk fornya driftsapparatet sitt.  Det var søknadstørke hos det offentlege.   I førekant av dette møtet hadde ein tilsett ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag og ein tilsett hos Fylkesmannen si Landbruksavdeling utarbeidd ei skisse til eit prosjekt kalla Framtidig Mjølkeproduksjon og samarbeidsformer i husdyrhaldet.  Fylkesstyret i Bondelaget støtta opp om prosjektet som hadde eit mål om å sikre volumet i mjølkeproduksjonen og at fylket skulle oppretthalde sin relative del av mjølkeproduksjonen på ku og geit i landet.   Denne målsetnaden var i samsvar med det som var trekt opp i gjeldande fylkesdelplan for landbruk.   For å sikre eit breiast mogleg engasjement kring saka vart det søkt om eit treårig prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Landbruksselskap.  Styret i Sogn og Fjordane Bondelag ynskte at produksjon av storfekjøt skulle verte sett i samanheng med mjølkeproduksjonen i prosjektet.   Det vart gjort medvitne val på å skape entusiasme kring dei som våga å satse.  I dette biletet var Fjøsrock med Åge Aleksandersen hos Hjalma Samdrift på Eid og Fjøsgudsteneste med barnedåp i Vik døme på hendingar som kom i kjølvatnet av tøffe økonomiske satsingar på nye fjøs.

Gjennom eit tett og nært samarbeid mellom det offentlege og representantar for næringa sine organisasjonar vart 3 år til 16 år og framleis er det trong for eit ekstra fokus på prosjektet.  I alle desse åra har Jo Helge Sunde, som er tilsett i Tine vore ein dedikert prosjektleiar.  Det har skjedd ein revolusjon i mjølkeproduksjonen  ved at ny teknologi i form av mellom anna mjølkerobot har vorte teke i bruk.  Mange har gitt seg som mjølkeprodusentar i same perioden, men til denne tid har tilstrekkeleg mange nok investert og auka opp sitt volum slik at fylket sin relative del av mjølkeproduksjonen er oppretthalden.   Vi er ikkje i mål med utviklinga av landbruket i fylket, men denne artikkelen avsluttar vi med å sitere frå  pressemeldinga som Innovasjon Norge har sendt ut i samband med tildelinga av prisen på fylkestinget i Loen i dag:

Entusiasme og gjennomføringsevne

I dag vil vi heidre ein standhaftig entusiasme og ei gjennomføringsevne i særklasse, hos dei som vann Bedriftsutviklingsprisen i Sogn og Fjordane.  I år er 16 år sidan Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane vart sett i gong med Jo Helge Sunde som prosjektleiar, og 12 år sidan Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøpt DA. 

 

Samarbeid og sosialt samhald

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA – SMOK - driv felles mjølke- og storfekjøtproduksjon, for å ha best mogeleg utnytting av jordbruksareala på Straumsnes i Fjaler.   SMOK er ei samdrift i ordet si rette tyding. Her tek alle eit tak, dei analyserer drifta grundig i lag og set opp felles mål for drifta. Det sosiale med samarbeidet trekkjer dei også fram som ein viktig grunnlag for å arbeide i lag.   - Vi var samde om at vi alle skulle delta aktivt i arbeidet. Samdrifta skulle ikkje berre vere eit samarbeid på papiret, med mange passive eigarar. Den sosiale sida ved samarbeidet er utruleg viktig for trivselen vår, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar i SMOK og heiltidsbonde.  Driftsopplegget til SMOK er inspirert av metodikk frå andre delar av næringslivet. Det er ikkje kvardagskost i norske landbruksforetak.    - Mangagement basert på regelbunde styremøte, der vi eigarane diskuterer og legg planar på grunnlag av  oppdatert informasjon om den økonomiske og driftsmessige stoda - avlingsnivå, kvalitet på fôrprøver, mjølkekvalitet og avdrott, er avgjerande for at vi har dagens produksjonsomfang, hovudsakleg basert på lokale ressursar, seier Kjartan Åsnes. 

Optimisme og moderne bygg

Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til at SMOK og om lag 140 andre gardsbruk, har satsa på framtida og bygd moderne driftsbygningar i fylket.    - Utan mobiliseringa og rettleiinga frå Jo Helge Sunde og Storfeprosjektet hadde vi truleg følgd straumen her på kysten og langt ned gardsbruka våre. I staden har vi i dag ein god arbeidsplass i landbruket, kultiverer om lag 850 dekar og produserer 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar Straumsnes Mjølk og Kjøt DA.    - Storfeprosjektet har klart å skape tru på framtida og bruksutbygging i ei næring som var prega av pessimisme. Frå å vere eit fylke prega av stillstand og liten investeringsvilje innan storfe, har mjølk- produsentane i Sogn og Fjordane gjennom ei målretta satsing lagt om til lausdrift og robotmjølking, seier Jo Helge Sunde.

 Framtida og ressursutnytting

Hovudmålet med storfeprosjektet er å ta vare på Sogn og Fjordane sin relative del av mjølkeproduksjonen i landet. Det har dei klart så langt, sjølv om fylket har dei minste gardsbruka i landet og meir enn 50 % av gardbrukarane har lagt ned mjølkeproduksjonen i denne perioden.     - Kravet om lausdrift frå 2034 gjer det heilt nødvendig med framleis store investeringar i næringa dei neste 15 åra. Godt fagmiljø, driftsopplegg basert på tilgjengeleg ressursgrunnlag, gjennomarbeidde planar for investeringane og høg tillit til rådgjevarane vil vere avgjerande for å lukkast, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.

Effektivisering og innovasjon i landbruket
- Frå at meir enn 90 % av mjølka vart produsert i båsfjøs kring år 2000, blir no meir enn 40% av produsert i fjøs med mjølkerobot. Dette må seiast å vere ein teknologisk revolusjon i næringa. Dette skapar ein fleksibilitet som var utenkeleg for berre få år sidan, seier Timberlid til slutt.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  •  Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250.000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2020.