-  Styra i dei to laga utgjer eit arbeidsutval som skal jobbe saman fram til eit ekstraordinært årsmøte for begge laga samla, held Nesse fram.   Det er ikkje fastsett dato for møtet endå, men da er eit mål å prøve å kome i hamn i 2018.

På det ekstraordinære årsmøtet skal det mellom anna vedtakast følgjande:

  • Namn på det nye laget
  • Samanslåing av økonomien i dei to laga
  • Val av nytt styre i det nye laget

Valnemndene i dei to laga skal jobbe saman felles innstilling til nytt styre til dette møtet.   Det tredje laget i Gulen. Nordre Gulen handsama ikkje saka i sitt årsmøte.  Dei held fram som eige lag ei stund endå, men er hjarteleg velkomne som medlemer i det fusjonerte laget mellom Brekke og Eidsbotnen når dei måtte ynskje det, seier Nesse.

Noverande styre i Brekke Bondelag som skal arbeide fram grunnlag for å kunne slå seg saman med Eidsbotn Bondelag f.v.Jan Ivar Kjellby, Bjarne Tynning, Jon Ove Ness, Sjur Haugland og leiar Arve Wergeland

Frå årsmøtet i Eidsbotn Bondelag. Ståande ser vi leiar Erling Nesse.